Eit særs vakkert område med stor opplevingsverdi

Mosvatnet og Gullingen. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no


Hopp i det. Frå Såtevatnet.  Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no- I helga skal eg og familien til Gullingen, seier Ola.
Og kor skal dei då? Ser me på kartet eller spør dei som har hatt tilhald i området i lengre tid, vil svaret vere at dei skal på topptur. Gullingen er nemleg 979 m.o.h., har eit fantastisk utsyn og er vel verdt turen. Mest sannsynleg skal dei likevel til området rundt Mosvatnet, under sjølve Gullingen. Det er dette landskapet som i dei seinare tiåra har blitt til Gullingenområdet eller berre Gullingen. Eit skattkammer i Suldal.

Området har vore nytta i lang tid. Steinaldermenneska jakta her, vikingane fann jernmalm og bonden har nytta utmarksbeite. I dag ber landskapet preg av ei blanding av gamalt stølslandskap og nyare hyttebygging.

Fjellbjørkeskog oppsplitta av opne myrer dominerer vegetasjonen. Tregrensa ligg på omlag 700 m.o.h. Hare, rev og røyskatt er alle vanlege. Elg blir stadig oftare å sjå. Og høgt oppe følgjer kongeørna med.

Området er godt tilrettelagt for eit variert friluftsliv, sommar og vinter. Dette kan du lese meir om under.

I det heile kan me seie at Gullingenområdet er eit særs vakkert, variert og interessant friluftsområde med stor opplevingsverdi, rikt på natur og kultur.