slide 1

Framifrå vakkert friluftsområde,
rikt på natur og kultur.

slide 2

Familievennleg og godt tilrettelagt
friluftsområde.

Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no

ÅSLIANE
- nye hyttetomter frå 2020 

Foto:Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Eit område for mange opplevingar, 
heile året.

Foto: Kjetil Brekke/SuldalFoto.no

Kom til GULLINGEN
- eit skattkammer i Suldal

 

Nye utbyggingsområde og tomter

 


Planstatus

Arealbruken i Mosvatnet/Gullingenområdet er bestemt i reguleringsplanen for området, vedteken i Suldal kommunestyre 18.05.2010. Forutan eksisterande bygningar og nye innregulerte tomter slik det framgår av plankartet, omfattar reguleringsplanen også 4 nye byggeområde for fritidsbebyggelse og eit sentralt område ved Gullinghuset som er sett av til sentrumsfunksjonar og tyngre reiselivsanlegg. Utsnitt av planområdet ved Mosvatnet er vist til høgre. 

Byggeområda i planen skal ha godkjent detaljreguleringsplan før bygging kan starta. Første område med ferdig plan er område 4, Åsliane. Reguleringsplan blei godkjent i Suldal kommunestyre 13.12.2018.

Planområdet er inndelt i tre felt. I samråd med kartverket har kommunestyret bestemt namn og tildelt adresser. Delfeltet vest for Blåsjøvegen er navngitt Åsliane. Delfelt på nordsida av vegen er Øykjaholo, medan feltet lengst aust, vis a vis skisenteret, er Steinaslåtto. Planen omfattar også eit område avsett til mellomlager av gravemassar og område for uttak av stein til opparbeiding av byggegrunn og veier i arealet.

Byggjeløyve til terrenginngrep, infrastruktur og byggjemodning blei gjeve av Suldal kommune 10.10.2019.

Driftskonsesjon for uttak av steinmassar til opparbeiding av byggegrunn og teknisk infrastruktur blei tildelt frå Direktoratet for mineralforvaltning 19.11.2019.

 

Planområde Åsliane
>>> Se plandokument

Plankart for området


Tomtefelt Åsliane 

Delfelt Åsliane er ferdig opparbeidd med vegar, parkeringsareal, VA- nett, lågspentnett, omlegging av høgspent frå luftstrekk til jordkabel, samt nettstasjon. 

Gullingen Utviklingsselskap og Suldal Hyttebygg AS er to uavhenginge selskap som samarbeider om salget av tomter og fritidsbustader i Åsliane. Kvar av partene inngår egne avtaler med sluttkjøper.

Tomtene i plankartet  er ferdig frådelt og matrikkulert.  Ved salg vil eiendomsretten overdras til kjøperen .

 

Prosjekterte hytter
Suldal Hyttebygg skal bygge ut Åsliane med sine Hedda og Hedvig hytter. Les mer her:
>>> http://www.suldal-hyttebygg.no
>>> Hedvig-hytte i attraktivt tomteområde på Gullingen   FINN.no 


Øykjaholo og Steinaslåtto

Suldal kommune skal bygge ut hovudleidningsnettet for vatn og avløp i eigen entreprise sommaren 2022.

Gullingen utviklingsselskap AS vil etablera øvrig infrastruktur for Steinaslåtto sommaren 2022. Byggemodning av Øykjaholo kan skje først i 2023.

Bygningane i Øykjaholo og Steinaslåttop  skal ha eigeutvikla arkitektonisk form.  I Steinaslåtto vil det bli konsentrert utbygging med hytter som heng saman i kjede og garasje under solterasse mellom kvar eining. Det er lagt opp til tre kjeder med fem hytteeinangar i kvar kjede. I Øykjaholo blir det frittliggjande bygningar med sokkeletasje. Ideskisse for vidareutvikling er illustrert i plandokumentene. Meir informasjon kjem så snart dette blir avklart.

 

 

 Åsliane velforening

Åsliane velforening ble stiftet 12.11.2021 .

Foreningens vedtekter ble vedtatt i stiftelsesmøte.  Her er bl.a. inntatt at årsmøtet avholdes innen utgangen av mai og at styret skal bestå av en representant for hvert av de tre hyttefeltene Åsliane, Øykjaholo og Steinaslåtto.

Stiftelsesmøtet valgte interimstyre som etter hvert skal utskiftes med eiere av fritidseiendommene. 

Hvert medlem i Velforeningen må betale en årlig kontingent og for øvrig delta i nødvendig finansiering av Velforeningens virksomhet og oppgaver. Deler av kontingenten kan også brukes til avsetning til fremtidige, større vedlikeholdstiltak.

Medlemskontingentens størrelse pr medlem pr år er ved etableringen fastsatt til kr 4 500 og fastsettes deretter årlig av årsmøtet. Brøytekostnadene på fellesarealene dekkes av kontingenten.

Eit særs vakkert område med stor opplevingsverdi

Mosvatnet og Gullingen. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no


Hopp i det. Frå Såtevatnet.  Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no- I helga skal eg og familien til Gullingen, seier Ola.
Og kor skal dei då? Ser me på kartet eller spør dei som har hatt tilhald i området i lengre tid, vil svaret vere at dei skal på topptur. Gullingen er nemleg 979 m.o.h., har eit fantastisk utsyn og er vel verdt turen. Mest sannsynleg skal dei likevel til området rundt Mosvatnet, under sjølve Gullingen. Det er dette landskapet som i dei seinare tiåra har blitt til Gullingenområdet eller berre Gullingen. Eit skattkammer i Suldal.

Området har vore nytta i lang tid. Steinaldermenneska jakta her, vikingane fann jernmalm og bonden har nytta utmarksbeite. I dag ber landskapet preg av ei blanding av gamalt stølslandskap og nyare hyttebygging.

Fjellbjørkeskog oppsplitta av opne myrer dominerer vegetasjonen. Tregrensa ligg på omlag 700 m.o.h. Hare, rev og røyskatt er alle vanlege. Elg blir stadig oftare å sjå. Og høgt oppe følgjer kongeørna med.

Området er godt tilrettelagt for eit variert friluftsliv, sommar og vinter. Dette kan du lese meir om under.

I det heile kan me seie at Gullingenområdet er eit særs vakkert, variert og interessant friluftsområde med stor opplevingsverdi, rikt på natur og kultur.