Nye utbyggingsområde og tomter

Her i Åsliane blir det byggeklare tomter i 2020 :-)


Planstatus

Arealbruken i Mosvatnet/Gullingenområdet er bestemt i reguleringsplanen for området, vedteken i Suldal kommunestyre 18.05.2010. Forutan eksisterande bygningar og nye innregulerte tomter slik det framgår av plankartet, omfattar reguleringsplanen også 4 nye byggeområde for fritidsbebyggelse og eit sentralt område ved Gullinghuset som er sett av til sentrumsfunksjonar og tyngre reiselivsanlegg. Utsnitt av planområdet ved Mosvatnet er vist til høgre. 

Byggeområda i planen skal ha godkjent detaljreguleringsplan før bygging kan starta. Første område med ferdig plan er område 4, Åsliane. Reguleringsplan blei godkjent i Suldal kommunestyre 13.12.2018.

Planområdet er inndelt i tre felt. I samråd med kartverket har kommunestyret bestemt namn og tildelt adresser. Delfeltet vest for Blåsjøvegen er navngitt Åsliane. Delfelt på nordsida av vegen er Øykjaholo, medan feltet lengst aust, vis a vis skisenteret, er Steinaslåtto. Planen omfattar også eit område avsett til mellomlager av gravemassar og område for uttak av stein til opparbeiding av byggegrunn og veier i arealet.

Byggjeløyve til terrenginngrep, infrastruktur og byggjemodning blei gjeve av Suldal kommune 10.10.2019.

Driftskonsesjon for uttak av steinmassar til opparbeiding av byggegrunn og teknisk infrastruktur blei tildelt frå Direktoratet for mineralforvaltning 19.11.2019.

>>> Se plandokument

Plankart for området


Åsliane - klart for sal i 2020

Grunnarbeid skal utførast av lokale entreprenørfirma. Opparbeiding og byggjemodning av delfelt Åsliane er i gong, og er delt i to etapper som vist i teikninga nedanfor. Første etappe blir ferdig byggemodna og klart for tometesal hausten 2020. Arbeidet omfattar vegar, parkeringsareal, VA- nett, omlegging av høgspent frå luftstrekk til jordkabel, samt nettstasjon. 

Gullingen Utviklingsselskap og Suldal Hyttebygg AS er to uavhenginge selskap som skal samarbeide om salget av tomter og fritidsbustader i Åsliane. Kvar av partene skal inngå egne avtaler med sluttkjøper.

Tomtene i plankartet skal innmålast og frådelast til eigen eigedom.

Etapper

 

Prosjekterte hytter
Suldal Hyttebygg skal bygge ut Åsliane med sine Hedda og Hedvig hytter. Les mer her:
>>> http://www.suldal-hyttebygg.no
>>> Prosjektert Hedvig-hytta i Åsliane er nå å finne på Finn.no


Øykjaholo - byggjestart i 2021 

Grunnarbeid og opparbeiding vil truleg starta  i 2021. Hyttene i dette feltet vil få eigenutvikla arkitektonisk form og utførast av lokalt byggjefirma. Ideskisse for vidareutvikling er vist i illustrasjon i plandokument. Byggestart i Øykjaholo er venta å bli 2021. Meir informasjon kjem så snart dette blir meir avklart.

Steinaslåtto - byggjestart i 2021

Steinaslåtto vil bli konsentrert utbygging med hytter som heng saman i kjede og garasje under solterasse mellom kvar eining, Det er lagt opp til tre kjeder med fem hytteeinangar i kvar kjede.

Bygging kan truleg starta 2021. Også her skal det utviklast eige design. Byggjefirma er heller ikkje avklart for dette feltet.